Back to All Events

Det langsame, morknande.

Ingeborg Blom Andersskog,
Henrik Koppen og Mari Norddahl

Performance av Ingeborg Blom Andersskog frå kl 14:00 på åpningsdagen

"Det langsame, morknande" stiller spørsmål ved menneskets forhold til materialar og vår rolle i det økologiske kretsløpet. Ingeborg Blom Andersskog, Henrik Koppen, og Mari Norddahl undersøker korleis prosessane av konsum, øydelegging og nedbryting kan fungere som kunstnarlege metodar. Gjennom skulptur, performance, og teikning, inviterer dei publikum inn i ei sanselig verd der det forgjengelige i materialet blir sett i lys av våre eigne handlingar. Ved å utforske naturmaterialar og menneskeskapte prosessar, understrekar utstillinga korleis kunstens ibuande langsamheit kan opne for djupare refleksjonar rundt natur og berekraft.

Dei tre kunstnarane har bakgrunn frå Kunst og Designhøgskolen i Bergen. Tidlegare har dei arbeida saman i prosjektet “Skylle, samle, kverne, slipe” som vart vist i eit naust i Velsvika på Sunnmøre, sommaren 2016. Utstillinga er både fortsettinga og starten på eit nytt samarbeid om materialets forgjengelighet og menneskets påvirkningskraft.

Ingeborg Blom Andersskog jobber med tegning, installasjon, performance og tekst. Hun eksperimenterer med arbeider som beveger seg mellom det to- og tredimensjonale, og utforsker ulike måter å inkludere sin egen og publikums kropper inn i verket. Interessen for fenomenologi og Slow Art ligger til grunn for utvikling av nye arbeider. Streken og sirkelen går igjen i arbeidene hennes. Med bakgrunn i keramikk har materialet alltid vært en viktig del av Andersskog sin arbeidsprosess. Handlingen og tiden sammen med materialet spiller en viktig rolle, der kroppens og materialets egenskaper og begrensninger fungerer som en ramme. På Christinegaard viser Ingeborg verket “In search for the perfect stone”, som består av en pågående performance på åpningsdagen og en helt ny serie akvareller.

Henrik Koppen jobbar med performance, video, skulptur og teikning. I arbeida sine kombinerer han element frå religion, mytologi, historie og naturvitskap, og isceneset poetiske og sanselege møter med verda sin materialitet. I utstillinga “Det langsame, morknande” syner han ein serie nye teikningar som utforskar materielle prosessar, tid og eit landskap i kontinuerlig endring.

Mari Norddahl arbeider med mjuke tekstilobjekt gjennom performance, skulptur, installasjon og tekst. I denne utstillinga undersøker ho tekstilet si evne til nedbryting, gjennom spenninga mellom materialet sin autonomi, og mennesket sin makt over den materielle verda. Norddahl er oppteken av vesenforståelse, og det å forstå materialet gjennom objekt orientert ontologi og personifisering. Ved å bruke naturmateriale som bomull og silke i møte med kompost, studerer ho nedbrytingsprosessar og reflekterer over konsum, ressursbruk – og tekstilet si si vilje til å ta nye former, uavhengig av våre behov og intensjonar. Ho ser denne langsomme tilnærminga som ein antikapitalistisk respons på overproduksjon.


Utstillinga er støtta av Bergen Kommune og Regionale prosjektmidler frå Kunstsentrene i Noreg.

Earlier Event: September 20
Karina Presttun med "irtemmys I - I symmetri"