Back to All Events

"Eit punktum er ikkje ein harelort…" av Brynhild Winther


ÅPNING TORSDAG 15. APRIL KL. 18:00 - 21:00

Utstillingen er støttet av Norsk Kulturråd

B.G.W.jpeg

Det var den dagen Haren sat og stirra ned i boka eg prøvde å lese, slik at eg ikkje klarte konsentere meg. Så peika han på noko på den eine sida, og sa at menneskespråket er fullt av kaninhol. Du nemner aldri dei svarte prikkane, når du les høgt for meg, sa han. Men det er mange av dei, så dei må vere viktige. Eg peika på eit punktum, og lurte på om det var slike han meinte. Så forklarte eg at punktum er nesten det same som ein kallar «sorte hull», og om ein klarar å kome inn i eit av desse, finn ein alt som ligg utanfor språket. Alt ein ikkje kan forklare med ord. Alt som ikkje får plass i ein ordleg, lineær logikk. Der setninga sluttar, startar vegen som fører til det som ligg utanfor ord. Utanfor definisjonar. Det som ikkje kan setjast i bur, eller puttast i boksar med merkelappar på. Eg trur dette var første gong Haren og eg var helt samde om noko. Kanskje betyr det berre at me eigentleg ikkje forstod kvarandre. Så sa eg at det er litt dumt at harar ikkje lagar kaninhol. Eit punktum er ikkje ein harelort… Denne utstillinga er ei av fem utstillingar, kor eg ser på ulike aspekt av relasjonar mellom harar, kaninar, og andre folk. I denne utstillinga fokuserar me på den mørke sida til kaninane, og det ikkje-definerte som løper fritt i mellomromma mellom definisjonar og kategoriar. Utstillinga består av teikningar, foto, og tekstil-skulptur. Dei andre utstillingane blir vist i Bærum Kunsthall (2020), Visningsrommet USF (2020), Møre og Romsdal Kunstsenter (2020), og Haugesund Kunstforening (2021). Utstillingane inneheld ikkje dei same arbeida, bortsett frå den i Bærum Kunsthall, og den i Visningsrommet USF.